Sild

I våre havområde er det fleire bestandar av sild, men norsk vårgytande sild er klart den største. Norsk vårgytande sild har sitt overvintringsområde/oppvekstområde utanfor kysten av Nord-Norge. 

I februar/mars er gyteområdet frå mørekysten opp til Lofoten. Etter gyting går silda vidare på vandring etter næring vestover før den trekker nordover og til sist austover utpå hausten. Larvane følgjer kyststraumen nordover og vekstområdet for ungsild ligg i Barentshavet. Det var den norske vårgytande silda som la grunnlaget for det norske vintersildfisket, feitsildfisket og småsildfisket. Som ein følgje av klimaendring gjorde temperaturendringar i sjøen at bestanden vart liten tidleg på 70-talet, og silda vart freda. Gjennom streng regulering i vel 20 år er bestanden no bygd opp att, og bidreg til store fiskeri. Det norske fisket skjer hovudsakleg i perioden september-mars når silda er av god kvalitet og er lett tilgjengeleg. 

Nordsjøsild (sild sør for N62 grader) 
Sildefiske i Nordsjøen og Skagerak vert drive stort sett heile året. 

Silda vert seld som fersk, fryst filet og heil fisk. Tilverka sild, som utgjer ein liten del av totalkonsumet finst i særs mange variantar, til dømes salta, -varmrøykt og kaldrøykt, salta- og kryddersalta filet, og ulike slag marinert sild til pålegg som til dømes sursild, tomatsild og rømmesild.

Makrell


Arten er lever i Nordøst-Atlanteren fra Nordvest-Afrika til Barentshavet, vestover i Norskehavet til Island. Den går også inn i Østersjøen. Videre finn vi den i Middelhavet og Svartehavet. Makrellen i europeiske farvatn vert forvalta som éin bestand, nordøstatlantisk makrell, som består av tre gytekomponenter: nordsjømakrell som gyter sentralt i Nordsjøen og Skagerrak (mai-juli), vestlig makrell som gyter vest av Irland og Dei britiske øyer (mars-juli) og sørlig makrell som gyter i spanske og portugisiske farvatn (februar-mai).

Etter gyting vandrer vestlig og sørlig makrell til Norskehavet og deretter til Nordsjøen og Skagerrak, der den blandar seg med nordsjømakrellen. Her blir dei sørlige og vestlige komponentane heile hausten og utover vinteren til desember-mars, før dei vandrar tilbake til sine respektive gyteområde.
 Makrellen, som er ein pelagisk og hurtigsvømmande fisk er lett kjennelig på si runde, heilt spoleforma og straumlinjande kropp. Ryggens farger flammar i grønt eller blått, og derfrå og nedover sidene er det ein rekke uregelmessige tverrband. Kroppsskjellene er små, og kroppen mjuk som silke å føle på. Makrellen kan bli meir enn 25 år, opp mot 70 cm og 3,5 kg, men det er sjeldan ein ser individ større enn 50 cm/1 kg.

Lodde


Lodda er ein liten laksefisk som lever heile sitt korte liv i Barentshavet. Lodda lever som stimfisk i dei frie vassmassane og lever først og fremst av raudåte. Frå dei er ca. 10–12 cm et dei også mykje krill. Lodda beitar over store delar av Barentshavet, først og fremst langs polarfronten og lenger nord og aust. Utpå seinhausten vandrar fisken sørover, og om vinteren er bestanden sør for polarfronten og iskanten. 

Loddelarvane vert transporterte med havstraumane frå gytefelta til dei sørlege og austlege delane av Barentshavet, og i både første og andre leveåret står dei lengre sør i havet enn dei eldre lodda. Om sommaren vandrar lodda nord og austetter i Barentshavet etter som isen trekkjer seg attende nordover, og beitar i desse planktonrike områda utetter hausten. Seinhaustes trekkjer dei søretter og overvintrar sør for polarfronten og iskanten. Dei modnande individa byrjar vandre mot kysten for å gyte i januar-februar. Utbreiinga og vandringane er påverka både av storleiken på bestanden og av klimaet i Barentshavet. 

Dei viktigaste loddebestandane held til ved Island, Newfoundland, i Beringhavet og i Barentshavet. 

Lodda er ein typisk pelagisk stimfisk. Ho er mørk på ryggen og lys under. Lodda veks relativt fort og når i løpet av 3-4 år 14-18 cm.

Fisket etter lodde føregår med snurpenot og pelagisk trål.

Kolmule


Kolmule er en ein liten mesopelagisk torskefisk. Kolmula er utbredt i Nordøst-Atlanteren og i Middelhavet. Kolmula er ein av dei mest talrike fiskebestandane i dei midterste vatnlaga i Nordøst-Atlanteren.

 Hovedfisket går føre seg på gytefelta vest for Dei britiske øyane. 

Kolmule er ein typisk slank, pelagisk fisk. Den er lett å skilje frå annan torskefisk på grunn av manglande skjeggtråd, tre ryggfinnar med stor avstand fra kvarandre og den lange første gattfinnen. Arten er grå-blåaktig med mørkare rygg og lysare sider. 

Fisket etter kolmule vert utført med pelagisk trål (flytetrål).

Hestmakrell


Vert også kalla taggmakrell.

Sesong : Oktober – desember.
Storleik : 40-50 cm, opptil 1,5 kg.

Fisken/fisket: 
Hestmakrellen er på beitevandring frå kysten av Afrika til norske farvatn. 
I Noreg fiskar vi på han når han samlar seg i stimar i nordlege delar av Nordsjøen frå september til desember.

Vanlege fangstreiskaper: Ringnot og trål.

Bruk: Taggmakrellen vert mest nytta til konsum. Frå Noreg vert den eksportert til Japan og andre marked i Austen/Afrika. Taggmakrell vert tillaga på same måte som sardiner, og vert i Sør-Europa omsett fersk eller røykt, i stor grad også som hermetikk. Fisken inneheld selen og vitamin A og D.

Brisling



Brisling er ein liten sildeart som generelt er knytta til kystområda og har sin hovedutbredelse ved kystene rundt Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. I Norge finn vi den i kyst-og fjordområda frå svenskegrensa til Helgeland, men er mest vanleg sør for Stadt. 

Brislingen er ein typisk stimfisk. Den liknar på ei lita sild, men er gjennomgåande djupare i buken. Under buken dannar skjella ein skarp egg. Største registrerte lengde er 19 cm, men den vert sjeldan større enn 14 -16 cm.

 Det norske brislingfisket går føre seg med snurpenot, men i Nordsjøen/Skagerrak vert det også fiska med trål.