Om reiarlaga

Teige Rederi omfattar i dag reiarlaga Teigenes AS og Teigebris AS som er eigarar av fiskefartøya M/S Teigenes og M/S Sjøbris. Fartøya er kombinerte trålarar og ringnotfartøy med kvoter på pelagiske fiskeri.

 Reiarlaga si verksemd er basert på forvaltning av fiskerettar frå pelagisk fisk. Reiarlaga tilbyr sine fangstar basert på høg kvalitet frå berekraftige artar. 

Det er reiarlaga sitt mål å arbeide saman med både havfiskeflåten sine organisasjonar og industrien for å auke lønsemda i heile den pelagiske verdikjeda.